står det i Bibelen (Eg trur det er der det kjem ifrå?). Dersom du ikkje er heilt sikker på kva tukte tyder, her er forklaringa frå ordbok.no:
Tukte (norr tykta; frå lty) oppsede strengt; refse, straffe
Min kjære har visst bestemt seg for å ta dette til seg.
Tidlegare har eg måtta gjennomgå ein del albogeslag i ansiktet/hovudet forøvrig om nettene - Han seier at det har vore ubevisst frå hans side, og fram til i går har eg trudd han og slått meg til ro med det. Og sidan han slutta med det for nokre månadar sidan no, har eg berre tenkt på det dei gongane eg har villa mobba han for det.
Kva som skjedde i går som fekk ho til å endre mening? tenkjer du kanskje.
I går begynte han att, berre i våken tilstand denne gongen. Og neida, ikkje berre ein gong - men tre dengingar med albogen iløpet av berre nokre timar (minuttar var det vel eigentlig) ein søndag ettermiddag. Og han hevdar fortsatt at det ikkje er med vilje, men latteren i etterkant tilseier noko anna...
Etter dette bestemte han seg for at det sikkert hadde vert umåteleg underhaldane å putta ei drue i nasa på kjæresten sin (altså meg, om du var i tvil). Det var umåteleg underhaldane - for han. Eg derimot hadde meir enn nok med å prøva å få drua ut att. Det var ikkje så enkelt nemleg.
Eg kan ikkje hugsa å ha vore særskild opptatt av å putte ting i nasa då eg var mindre heller, så det var ei ny oppleving for meg. Men eg vil påpeike at det på ingen måte var noko eg vil gjenta av egen vilje.
Ikkje får eg nokon unnskyldning i etterkant heller. Han berre held fram med å le, gir meg ein klem og seier "dakars vennen" - som om det var nokon andre som hadde gjort det mot meg?
Minnar meg litt om ein episode av House MD som handlar om ein som har splitta hjerne, som fører til at den eine delen av hjernen får hans venstre side av kroppen til å gjere ting han ikkje har kontroll på t.d. slå kjærasten sin. (Og for å kome med ein liten digresjon; er det ein serie ein burde ta seg tid til å sjå om ein ikkje har gjort det allereie).
No veit eg jo at dette ikkje gjeld Stian, for i så tilfelle gjeld det begge sider av kroppen - det kan verte temmeleg slitsomt i lengda...
Og eg vel heller å tru at det berre er ein litt forsinka trassalder det er snakk om, og at det snart vil gå over. Eg håpar i det minste det.
Så til slutt:
Kjære; er det noko du vil fortelje meg? :)
Forresten; råd til barneoppdragelse mottas med stor takk!
1 kommentar:
høres ikkje ut so da va heilt ubevist.. :p
Legg inn en kommentar