Det er heldigvis ikkje så ofte, men det hender, at eg ikkje får sove når eg leggjer meg -uansett kor trøytt eg er. Timesvis kan eg liggje å berre glo i taket eller tenkje tusen forskjellige tankar på ei og samme tid. Heldigvis finnes det mange tips og triks der ute for å sovne i seine, søvnlause nattetimar. Googlar ein det, får ein ganske mange treff - både seriøse, og mindre seriøse forslag. Eg har derfor laga mi toppliste, med bilete:
- Telje sauar
- Lese ei trøttande bok
- Drikke noko varmt: t.d. melk med honning
- Telje baklengs frå 100 - 0. Fukar ikkje det; start på eit høgare tal; 10.000 t.d ;)
- Høyre på avslappande musikk
- Sex
- Gå inn i ingenting-boksen sin - men slutte å tenkje er ofte lettare sagt enn gjort
Og for all del: Ikkje sjå på klokka heile tida om du ikkje får sove. Då vert du berre meir stressa. True Story.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar