Kor mange gongar har du vore borti det uttrykket før? Høyrd det? Brukt det?
- Eg vil tru dei aller fleste ville svara noko slikt som "Ein del" eller liknande.
Men har du nokon gong tenkt over om du trur på innhaldet? Og i så fall; stemmer det alltid? Eg har ikkje tenkt over det, ikkje før i dag. I dei fleste samanhengar stemmer det nok, men i dag fekk eg ein mail. Ein mail fra El-kjøp på Voss med følgande emne "Bildene dine er komt". -Jaha ja. Kortid bestilte eg bileter frå El-kjøp sist? var det første som slo meg. Jo, det skal eg fortelje deg. Det var då eg gjekk på folkehøgskule på Voss det. Noko som gjer det til antagelig minimum 2,5 år sidan eg bestilte dei.
Flott jobba El-kjøp! Den skal de ha, verkeleg.
Eg hugsar ikkje kva for bileter det er snakk om ein gong, så eg kan ikkje påstå å ha sakna dei. Og eg har dermed ingen umiddelbare planar om å ta tog tilsaman omlag 3 timar, samt bruke 300,- i reise for å hente og betale dei.
Men eg skal til Voss i januar, kanskje då..
- No har eg "venta" lenge nok, no er det deira tur!
1 kommentar:
Hah! Stilig.. Har bytta te JapanFoto eg =)
-Tøtto
Legg inn en kommentar