mandag 28. september 2009

Valgets kvaler

Her kommer det - mitt første blogginnlegg på bokmål (jeg tror i alle fall det er det første?)
Grunnen? Jeg trengte en forandring. Rettelse; Jeg trenger en forandring. Det jeg egentlig vil forandre er hårfargen min, men jeg klarer ikke bestemme meg - Lysebrunt med lyse striper eller tilnærmet svart, eller noe helt annet? Nå når jeg er "back to basic" kan jeg egentlig gjøre hva som helst.Men jeg trenger hjelp! Og det er der du, kjære leser, kommer inn. Hva syns du?
Alle innspill mottas med stor takk !

<-- eller -->
 ?

torsdag 24. september 2009

Bambiblikket...

 ... mitt favorittblikk (i den grad ein kan ha eit favorittblikk)
Grunngjevning: Fordi ein med dette blikket kan oppnå (nesten) alt ein vil ha. For om du bruker det rett, vert du nesten umogeleg å sei nei til.

Her demonstrert av Nemi:

 Prøv det!
Men hugs; bruk det rett og med måte! ;)

onsdag 23. september 2009

Bedre seint enn aldri?

Kor mange gongar har du vore borti det uttrykket før? Høyrd det? Brukt det?
- Eg vil tru dei aller fleste ville svara noko slikt som "Ein del" eller liknande.
Men har du nokon gong tenkt over om du trur på innhaldet? Og i så fall; stemmer det alltid? Eg har ikkje tenkt over det, ikkje før i dag. I dei fleste samanhengar stemmer det nok, men i dag fekk eg ein mail. Ein mail fra El-kjøp på Voss med følgande emne "Bildene dine er komt". -Jaha ja. Kortid bestilte eg bileter frå El-kjøp sist? var det første som slo meg. Jo, det skal eg fortelje deg. Det var då eg gjekk på folkehøgskule på Voss det. Noko som gjer det til antagelig minimum 2,5 år sidan eg bestilte dei.
Flott jobba El-kjøp! Den skal de ha, verkeleg.

Eg hugsar ikkje kva for bileter det er snakk om ein gong, så eg kan ikkje påstå å ha sakna dei. Og eg har dermed ingen umiddelbare planar om å ta tog tilsaman omlag 3 timar, samt bruke 300,- i reise for å hente og betale dei.
Men eg skal til Voss i januar, kanskje då..

- No har eg "venta" lenge nok, no er det deira tur!

søndag 13. september 2009

Fordelar med å ikkje vera singel..


* Ein kan få egg og bacon til frukost på ein søndag utan ein gong å måtta stikka ei tå utanfor sengekanten (med mindre det er for å skubbe den andre utav senga for å gjere det).

* Nokon å stikke iskalde hender og føtter borti.

* Har du tekniske problemer, har du alltid nokon du kan bruke "bambiblikket" og sei: - Kjære, kan du fiksa? til. Og med langt større suksessprosent enn om du skulle gjort det sjølv.

* Du har nokon til å klø deg på det eine punktet på ryggen du ikkje sjølv når.

* Gratis fotmassasje (trenge ingen vidare forklaring).

* Ein aukar sjansen for å gidde å laga noko anna enn Fjorland/frossenpizza til middag - betraktelig!

* Ikkje-eksisterande behov for å sjekke opp folk på byn berre fordi dei liknar på seriefigurar/kjendisar.

* Du slepp bruka enorme menga energi på å overbevisa både deg sjølv og andre om at du nyter singellivet.

* Du slepp og å bruka dobbelt så mykje pengar som du eigentleg hadde planar om/råd til å bruka på byn, i håp om å finna den rette.

* Ein har nokon å sovne og våkne ved siden av (tilfeldige personar ein tok med seg heim fra byn kvelden før tel ikkje her).

* Større sjanse for at man veit kva seng man våknar i etter ein fuktig bytur.

* Ein kan gjera nesten kva ein vil, kortid ein vil og korleis ein vil, som regel med den ein vil (det er evt berre "dei" ein vil, ein kanskje må utelukka).

* Får du ikkje sove har du alltid ein du kan terrorisera med telefonar/meldingar berre du seier dei rette tinga.

I fare for å støte vekk mine mange, kjære, single vennar, valde eg å prøva å skriva innlegget i ein tone som passar alle. Med andre ord; følar du deg støtt, er det ditt eige problem ;)

Forslag til fleire punktar mottas med takk!

fredag 4. september 2009

Vi er født sånn!


Synes du som mann (eller kvinne for den del) at vi (kvinner) av og til snakkar litt for mykje? Til vårt forsvar; vi kan ikkje noko for det, for vi er tydelegvis født sånn!

Og her finn du beviset.

torsdag 3. september 2009

Dagens ver(glad)melding!


Eg synes rett og slett at denne vermeldinga (Tv2 03.09.09) fortener sitt eige innlegg! Trur det er fleire enn meg som smila godt av den.


Og til neste gong:

Suddeli da suddeli dei

Ørebetennelse...


..er ikkje gøy. Vondt er det og. Og irriterande når det påverkar nattesøvnen - særleg tredje natta på rad. Det er plagsomt om dagen og, berre så det er sagt. Første halvanna døgnet orka eg ikkje ein gong høyre på musikk - tenk det du: Hilde som er vant til å ein elle anna form for musikk rundt seg omtrent 24/7.

Detaljar om puss og diverse er nok for spesielt interesserte - så det skal de sleppe å høyre om her. Vil du absolutt vite detaljane før du spørje fint (utan at det garanterar noko svar).

No nærmar klokka seg halv 2, og eg har fått klaga frå meg litt; så eg skal prøve å leggje meg - for andre gong i kveld.