torsdag 3. september 2009

Ørebetennelse...


..er ikkje gøy. Vondt er det og. Og irriterande når det påverkar nattesøvnen - særleg tredje natta på rad. Det er plagsomt om dagen og, berre så det er sagt. Første halvanna døgnet orka eg ikkje ein gong høyre på musikk - tenk det du: Hilde som er vant til å ein elle anna form for musikk rundt seg omtrent 24/7.

Detaljar om puss og diverse er nok for spesielt interesserte - så det skal de sleppe å høyre om her. Vil du absolutt vite detaljane før du spørje fint (utan at det garanterar noko svar).

No nærmar klokka seg halv 2, og eg har fått klaga frå meg litt; så eg skal prøve å leggje meg - for andre gong i kveld.

Ingen kommentarer: