torsdag 2. juli 2009

Sidan sist..

... har det gått lang tid, ALT for lang tid. Etter planen skulle eg jo bli flink til å blogga, men eg har innsett at ting sjelden går etter planen -uten at da nødvendigvis treng vera ein negativ ting. Eksempelvis hadde eg overhode ingen plana om å finna meg kjæreste her utpå vårparten - eg var jo akkurat begynt å trivast med singellivet att - men så møtte eg Stian; og ting gjekk som da gjorde - ergo; ikkje etter planen, utan at eg på nokon som helst måte kan påstå at eg heller skulle holdt meg til min opprinnelege plan. 

(Stian; om eg ikkje har sagt da før: du e BEST ♥ og eg kunne ikkje vore heldigare!)

Som sagt, alt går ikkje etter planen, tida t.d.; ho går alt for fort - og det er allereie nesten gått ein mnd sidan sommarferien begynte - Sjukt! Men eg har gjort litt då, kanskje ikkje all verda, men litt. Eg har (med hjelp av Anne) pussa opp litt i leiligheita - den trengte sårt et strøk maling (eller fire) i stova og gangen. Utrulig ka litt maling kan gjera; leiligheita ser vertfall heilt annleis ut no enn ho gjorde! (Bilete kjem så snart ting og tang begynna å koma på plass att, samt at eg faktisk må hugse å knipse dei). Ellers så har eg og komt godt igong med sommarjobben, Heimetenesta i år igjen. Dette vert min 4. sommar der faktisk, så litt erfaring skulle eg no ha etterkvart. Grei jobb eigentleg, sjølv om eg kjenner at eg aldri kunne vert sjukepleiar/helsefagarbeidar på heiltid.

Vermessig, har jo sommaren 2009 så langt vore heilt fenomenal. Eigentleg nokre grader for mykje etter min smak, men eg har sagt til meg sjøl at eg ikkje får lov å klaga, så da gjer eg ikkje. Eg er vertfall ikkje av typen som klarar å liggje langflat i sola heile dagane, så då lyt ein prøva å finna på andre ting. Ta bilete til dømes. Her kjem ein smakebit av det sommaren min har hatt å by på til no:

 

Ingen kommentarer: