onsdag 23. september 2009

Bedre seint enn aldri?

Kor mange gongar har du vore borti det uttrykket før? Høyrd det? Brukt det?
- Eg vil tru dei aller fleste ville svara noko slikt som "Ein del" eller liknande.
Men har du nokon gong tenkt over om du trur på innhaldet? Og i så fall; stemmer det alltid? Eg har ikkje tenkt over det, ikkje før i dag. I dei fleste samanhengar stemmer det nok, men i dag fekk eg ein mail. Ein mail fra El-kjøp på Voss med følgande emne "Bildene dine er komt". -Jaha ja. Kortid bestilte eg bileter frå El-kjøp sist? var det første som slo meg. Jo, det skal eg fortelje deg. Det var då eg gjekk på folkehøgskule på Voss det. Noko som gjer det til antagelig minimum 2,5 år sidan eg bestilte dei.
Flott jobba El-kjøp! Den skal de ha, verkeleg.

Eg hugsar ikkje kva for bileter det er snakk om ein gong, så eg kan ikkje påstå å ha sakna dei. Og eg har dermed ingen umiddelbare planar om å ta tog tilsaman omlag 3 timar, samt bruke 300,- i reise for å hente og betale dei.
Men eg skal til Voss i januar, kanskje då..

- No har eg "venta" lenge nok, no er det deira tur!

søndag 13. september 2009

Fordelar med å ikkje vera singel..


* Ein kan få egg og bacon til frukost på ein søndag utan ein gong å måtta stikka ei tå utanfor sengekanten (med mindre det er for å skubbe den andre utav senga for å gjere det).

* Nokon å stikke iskalde hender og føtter borti.

* Har du tekniske problemer, har du alltid nokon du kan bruke "bambiblikket" og sei: - Kjære, kan du fiksa? til. Og med langt større suksessprosent enn om du skulle gjort det sjølv.

* Du har nokon til å klø deg på det eine punktet på ryggen du ikkje sjølv når.

* Gratis fotmassasje (trenge ingen vidare forklaring).

* Ein aukar sjansen for å gidde å laga noko anna enn Fjorland/frossenpizza til middag - betraktelig!

* Ikkje-eksisterande behov for å sjekke opp folk på byn berre fordi dei liknar på seriefigurar/kjendisar.

* Du slepp bruka enorme menga energi på å overbevisa både deg sjølv og andre om at du nyter singellivet.

* Du slepp og å bruka dobbelt så mykje pengar som du eigentleg hadde planar om/råd til å bruka på byn, i håp om å finna den rette.

* Ein har nokon å sovne og våkne ved siden av (tilfeldige personar ein tok med seg heim fra byn kvelden før tel ikkje her).

* Større sjanse for at man veit kva seng man våknar i etter ein fuktig bytur.

* Ein kan gjera nesten kva ein vil, kortid ein vil og korleis ein vil, som regel med den ein vil (det er evt berre "dei" ein vil, ein kanskje må utelukka).

* Får du ikkje sove har du alltid ein du kan terrorisera med telefonar/meldingar berre du seier dei rette tinga.

I fare for å støte vekk mine mange, kjære, single vennar, valde eg å prøva å skriva innlegget i ein tone som passar alle. Med andre ord; følar du deg støtt, er det ditt eige problem ;)

Forslag til fleire punktar mottas med takk!

fredag 4. september 2009

Vi er født sånn!


Synes du som mann (eller kvinne for den del) at vi (kvinner) av og til snakkar litt for mykje? Til vårt forsvar; vi kan ikkje noko for det, for vi er tydelegvis født sånn!

Og her finn du beviset.

torsdag 3. september 2009

Dagens ver(glad)melding!


Eg synes rett og slett at denne vermeldinga (Tv2 03.09.09) fortener sitt eige innlegg! Trur det er fleire enn meg som smila godt av den.


Og til neste gong:

Suddeli da suddeli dei

Ørebetennelse...


..er ikkje gøy. Vondt er det og. Og irriterande når det påverkar nattesøvnen - særleg tredje natta på rad. Det er plagsomt om dagen og, berre så det er sagt. Første halvanna døgnet orka eg ikkje ein gong høyre på musikk - tenk det du: Hilde som er vant til å ein elle anna form for musikk rundt seg omtrent 24/7.

Detaljar om puss og diverse er nok for spesielt interesserte - så det skal de sleppe å høyre om her. Vil du absolutt vite detaljane før du spørje fint (utan at det garanterar noko svar).

No nærmar klokka seg halv 2, og eg har fått klaga frå meg litt; så eg skal prøve å leggje meg - for andre gong i kveld.

mandag 31. august 2009

Snart..

 .. skal eg settja meg ned å skriva eit nytt blogginnlegg med (vertfall litt) meining.. - kanskje ikkje i morgon, men snart.

tirsdag 28. juli 2009

Endelig..


fekk eg svaret på spørsmålet eg alltid har lurt på:

"Korleis ser Semulegryn som hadde Best før-dato 03.09.1998 ut?" - seie seg vel sjøl at da e et essensielt spørsmål for tilværelsen..

Men svaret e altså: Heilt normalt.

Så vet vi det..

torsdag 2. juli 2009

Sidan sist..

... har det gått lang tid, ALT for lang tid. Etter planen skulle eg jo bli flink til å blogga, men eg har innsett at ting sjelden går etter planen -uten at da nødvendigvis treng vera ein negativ ting. Eksempelvis hadde eg overhode ingen plana om å finna meg kjæreste her utpå vårparten - eg var jo akkurat begynt å trivast med singellivet att - men så møtte eg Stian; og ting gjekk som da gjorde - ergo; ikkje etter planen, utan at eg på nokon som helst måte kan påstå at eg heller skulle holdt meg til min opprinnelege plan. 

(Stian; om eg ikkje har sagt da før: du e BEST ♥ og eg kunne ikkje vore heldigare!)

Som sagt, alt går ikkje etter planen, tida t.d.; ho går alt for fort - og det er allereie nesten gått ein mnd sidan sommarferien begynte - Sjukt! Men eg har gjort litt då, kanskje ikkje all verda, men litt. Eg har (med hjelp av Anne) pussa opp litt i leiligheita - den trengte sårt et strøk maling (eller fire) i stova og gangen. Utrulig ka litt maling kan gjera; leiligheita ser vertfall heilt annleis ut no enn ho gjorde! (Bilete kjem så snart ting og tang begynna å koma på plass att, samt at eg faktisk må hugse å knipse dei). Ellers så har eg og komt godt igong med sommarjobben, Heimetenesta i år igjen. Dette vert min 4. sommar der faktisk, så litt erfaring skulle eg no ha etterkvart. Grei jobb eigentleg, sjølv om eg kjenner at eg aldri kunne vert sjukepleiar/helsefagarbeidar på heiltid.

Vermessig, har jo sommaren 2009 så langt vore heilt fenomenal. Eigentleg nokre grader for mykje etter min smak, men eg har sagt til meg sjøl at eg ikkje får lov å klaga, så da gjer eg ikkje. Eg er vertfall ikkje av typen som klarar å liggje langflat i sola heile dagane, så då lyt ein prøva å finna på andre ting. Ta bilete til dømes. Her kjem ein smakebit av det sommaren min har hatt å by på til no:

 

torsdag 11. juni 2009

Da e når man rydda kjøleskapet..


at man finne ut at man:

- har 1 liter (uåpna) vanlijesaus, man aldri kan huska å ha kjøpt

- fortsatt har tre flaske juleøl ståande

- samt 7 (!) forskjellige typa drinkmiksa..

- oppdaga uidentifiserte objekt som ette ein nærmare titt antagelig har vert ei gulrot på sine glansdaga.

Og da e når man e ferdig å rydda kjøleskapet at man oppdaga kor desperat man faktisk trenge lønningen som kjem dagen ettepå.. :)

tirsdag 12. mai 2009

Kom arbeidslyst og treng deg på, her skal du motstand finne..

Strengt tatt e da vel ikkje arbeidslysten da står på, men leselysten. Egentlig ikkje leselysten heller; for eg kunne egentlig veldig gjerne tenkt meg ein tur utpå terrassen (strengt tatt e da vel ingen terrasse, men ein veranda elle balkong) med ei god bok der eg slepp tenka igjennom og læra alt eg les. Som du sikkert allerede har skjønt; Hilde les t eksamen - nærmare bestemt pedagogikkeksamen.!

E så utrulig mykje anna eg heller ville gjort enn å sitta å lesa! - Et fenomen som eg trur gjelde samtlige studenta når eksamen nærma seg. E ikkje måte på kor huslig eg plutselig blir;

Eg vil:

- rydda; både leilighet og hage

- vaska; opp, ned, golv, hylle, vegga, tak, kle, you name it

- sortera; skuffe, skap og alt anna som ikkje e ordna kronologisk, alfabetisk elle ette farge

- mala; stovo og gangen

- beisa; spisebordet og spisestolane (som eg og vil trekka om)

Andre ting eg vil:

- lufta kameraet mitt

- gå på fløyen

- grilla

- sitta i sole

- ha piknikk i ein park

- eta is

- vera på sjøen

- reisa på ferie

- vera med min kjære, og alle mine supre venna

Eg kunne fortsatt listo t da uendeliga, men eg ska vera grei og la ver..

Skulle forresten ønska eg klarte sjå lika lett på eksamen som denne karen her:

Nok eksamensprat:

Sånn ellers går livet meir elle mindre på skinne for tie. Eg sveve på rosa elefanta.. 

elle skye, alt etter som.. sole kom tilbake i går og ser ut til å bli verande ei stund *Yay*, som e nåke eg gjerne ser i sammenheng med at eg hadde bursdag i går - då da e et kjent faktum at sol på bursdagen betyr at man har vert snill året som gjekk. At da e meldt sol heile veko ette bursdagen min kan dermed ikkje tolkast på nåken anna måte enn at eg har vert eksepsjonelt snill! (vi kan i da minsta lata som..)

22 år. Ja, da va da eg blei. Meir har eg ikkje tenkt å sei om den saken. Ikkje i denne posten vertfall. Eg har egentlig ikkje tenkt å sei så mykje meir i denne posten sånn generelt.

Sånn. Ferdig.